Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Spar på det du har

Visste du at Vinmonopolet sel tilbehøyr til drikkevarene du finn i våre butikkar? Champagnestopper, dråpestopper og ølstopper er nokre av tilbehøyrsartiklane du får kjøpt hos oss på nett og i butikk.

Tekst:
Mette Bruaas, praktikant

foto

Foto:
Tommy Andresen

Champagne, øl og vin kan miste sin gode smak, aroma og bobler etter nokre timar på kjøkkenbenken eller i kjøleskapet, og ein raudvinsflekk på ny kvit duk er irriterande. I denne korte guiden får du nyttig informasjon om kva du kan bruke dei ulike tilbehøyrsartiklane til.

Alle tilbehørsartiklane finn du her på vinmonopolet.no, under «Gaveartikler og tilbehør»

 

For champagne

Å lukke ei opna champagneflaske er ikkje lett med den originale korken, på grunn av fasongen hans. Champagnestopperen bevarer boblene i ei opna flaske med musserande. Set flaska kjøleg, så held den seg fint nokre dagar. For å bevare aromaen i opna raudvins- og kvitvinsflasker, har vi ein eigen vinstopper .

 

For øl

Det å ha ein ølstopper i kjøkkenskuffa er fint for deg som føretrekk øl, spesielt for ein øl-smakar. Likar du å arrangerer prøving av forskjellige øltypar, eller ikkje drikk opp ei heil flaske, kan den lett forseglast med denne lille saken. Korkane våre er i silikon, og er laga for å lukke ei opna ølflaske og bevare kolsyra. Du kan også sjølvsagt bruke ein øl-stopper til andre glasflasker med kolsyreholdig innhald, som for eksempel sider.

 

For vin

Viss du er glad i vin, er ein vinstopper eit godt innkjøp. Å helde på vinens naturlige aroma og smak gjer opplevinga mykje betre.

 

Dråpestopper

Å investere i ein dråpestopper/helletut gjer det enklare å helle frå ei flaske, og forhindrar at det drypp frå flasker og lagar flekkar på duken.

 

Målebeger

Likar du å mikse drinkar, er det greitt å bruke eit målebeger. Ved å justere i forhold til eigen smak ved å måle det du blandar - kan du lett setje saman den perfekte drinken. Målebegeret angir 2 og 4 cl.

 

Opne og kutte

I tillegg til dei som er nemnt ovanfor, kan du finne vinopner for porøs kork, vinopptrekkjar og foliekutter. Ein foliekutter har eit roterande knivblad som enkelt kuttar av folie på flaska.

Dersom du skal by kveldens gjestar på ein gammal vin kan korken i nokre tilfelle vere porøs, gå i oppløysning og vere vanskelig å opne. Ein vinopner for porøs kork kan då vere eit godt alternativ til den standard vinopptrekkjaren.

Alle tilbehøyrsartiklane kan du finne her på Vinmonopolet sin nettside under «gaveartikler og tilbehør», eller på ditt lokale vinmonopol. Bruk nettsida for å sjå om ditt næraste vinmonopol har dei tilbehøyrsartiklane du trenger.