Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Grape Britain - Vin frå England

Vin frå England har slått ut verdskjente franske bobler i blindtestar fleire gonger, men tanken på ein engelsk raudvin av høg kvalitet har vore fjern, til no. Engelske vinprodusentar har nemleg fått hjelp frå uventa hald – av klimaendringane.

vin-fra-england-AV.jpg
Foto: Getty Images

Ein halvtimes togtur sør for London kan ein sjå vinranker på begge sidene av toglinja. Vinproduksjon er den raskast veksande landbrukssektoren i Storbritannia. Ambisjonane er store, men britane har òg bevist at dei kan lage musserande vin på linje med det beste frå Frankrike.

 

Vått og kaldt

Klimaet i Sør-England blir sagt å vere omtrent det same no som det var i Champagne for 60 år sidan, og sjølv om det er litt kjøligare her enn i boblehovudsetet, blir sørvende vinmarker brukte slik at solstrålane blir utnytta til fulle.

Å vere vinbonde i eit kjølig område er risikosport. Det kan vere vanskeleg å få druene heilt modne, men til gjengjeld får vinen god syrefriskleik, moderat alkoholnivå og fersk, kjølig fruktkarakter som minner om nyplukka frukt og bær – ein stil stadig fleire konsumentar set pris på. Modninga av druene er ein evig kamp mot klokka og nedbøren som melder seg seint på hausten. For det er inga hemmelegheit at England har mykje regn. I sør, der mesteparten av vinmarkene ligg, er klimaet noko tørrare og varmare. Med stadig aukande temperaturar på grunn av klimaendringane er dei marginale dyrkingsforholda i England snart historie. Den globale oppvarminga har gitt England ei moglegheit til å produsere musserande vin i verdsklasse som ikkje fanst for 20–30 år sidan. 

Rettnok er det framleis vanskeleg å lage vin i England, og på grunn av det kjølige klimaet er det svært stor årgangsvariasjon. Dei beste områda for vindyrking ligg heilt sør i landet, frå Cornwall i vest til Kent i aust. 

 

Kritkvit kalk

Jordsmonnet består av den same kalkåra som startar i Champagne og går under Den engelske kanalen for så å dukke opp ved Dover og danne South Downs, eit hundre kilometer langt kalkgrunnsområde. 

Geologien varierer ein heil del sør i England. Denne kritkvite kalken i djupner på fleire titals meter kjenner vi òg frå jordsmonnet i store delar av Côte de Blancs i Champagne. Men det er òg leirebasert jordsmonn og jordsmonn dominert av grøn sand og kalkstein. Sand og kalkstein sørgjer for god drenering i eit regnfullt område. 

Kalkhaldig jordsmonn er viktig for å produsere musserande vin av høg kvalitet, då det ser ut til å vere ein samanheng mellom høg syre og kalkstein. Den viktigaste eigenskapen til kalksteinen er evna til å halde på vatnet som ein svamp. Samtidig sørgjer han for at røtene ikkje blir ståande i vatn. 

 

Bobler med suksess

Berre for nokre få år sidan var det ingen musserande vin frå England å få kjøpt i Noreg, i dag er det fleire enn 50. Moglegvis var det romarane som introduserte vinproduksjon under sitt inntog i Sør-England, men moderne engelsk vinhistorie starta først i 1952 då den første vinmarka blei planta i Hampshire. Det var ikkje før på 1980-talet at ein begynte å produsere musserande vin med hybriddruer. Ti års tid seinare blei dei tradisjonelle champagnedruene som Chardonnay, Pinot Noir og Pinot Meunier introduserte. Desse druesortane står no for rundt 70 prosent av alt druemateralet i England. 

Druene i England blir vanlegvis hausta i månadsskiftet oktober/november. Det betyr at hengetida er uvanleg lang og lengre enn i Champagne. Dette gjer frukta i vinane sterk, intens og overraskande robust. Engelsk musserande vin blir opplevd som meir direkte fruktdriven enn det vi normalt finn i vinane frå Champagne. Eit anna forhold som òg bidreg til den gode frukta, er at avlingane er forbausande små. Det meste av engelsk musserande vin blir laga på tradisjonell metode, det vil seie andregongsgjæring i flaska, med lang lagring av vinane på botnfall, som i Champagne. Dei siste to åra har vi òg sett ein auke i bruk av tankmetode på musserande vin frå England, ein metode som er mest kjent frå produksjon av italiensk prosecco. Då kan produsentane levere musserande vin til ein lågare pris, treffe ei anna kundegruppe og kanskje bli ein reell konkurrent til prosecco.

Skjermbilde2 (1).png

Stille vin 

Med all begeistringa rundt musserande vin frå England er det lett å gløyme at nesten ein tredjedel av vinproduksjonen er stillevin. I kjølvatnet av suksessen med engelske bobler følgjer vi opp med stille vinar frå Sussex og Kent på klassiske druer i mai-lanseringa vår. Den varme sommaren i 2018 har bidrege til at produksjonen har auka, og vinane utan bobler av Chardonnay og Pinot Noir viser raskt aukande kvalitet. Det ligg store mengder uoppdaga vinmark under dei slake grøne åsane sør i England. Det betyr at det i åra som kjem, vil dukke opp mange nye og interessante produsentar. Det engelske vineventyret har knapt starta.

Det kjølige klimaet gjer at det ikkje er mangel på syre i druene som veks på dei britiske øyane. Høg syre er sjølve essensen i musserande vin, syra er det som gir vinen ryggrad, lagringsevne og grep. I musserande vin er det ikkje så stort behov for fruktkonsentrasjon, det har ein derimot i stille vin. Utan god fruktkonsentrasjon vil ein stille vin verke kjedeleg med ei ubehageleg høg syre. Med godt arbeid i vinmarka og bruk av klonar som er betre eigna for kjølig klima, er britisk kvitvin og raudvin i vinden. 

 

Druer i England

Sjølv om Chardonnay og Pinot Noir skaper størst interesse og er dei viktigaste druene for musserande vin, er drua Bacchus flaggskipet i porteføljen av engelsk stille vin. Bacchus er ei aromatisk kvitvinsdrue som er ei krysning av Silvaner, Riesling og Müller-Thurgau. Ho blei utvikla i Tyskland på 1930-talet og trivst godt i engelsk klima. I tysk klima produserer drua vinar med høgt sukkerinnhald og låg syre med lite struktur og balanse. I England får ho derimot kortare vekstsesong og lågare avkastning og gir aromatiske vinar med god friskleik og kan samanliknast med Sauvignon Blanc. 

Chardonnay frå England har mykje til felles med chablis og vil typisk ha eit preg av mineralitet og grøne eple med høg friskleik. Pinot Noir gir raudvinar med låg alkohol og elegante aromaer av lyseraude bær. Det blir laga lite raudvin i Storbritannia, og vintypen blir av mange sett på som ein raritet, slik ein gjorde med musserande vin herifrå for nokre få år sidan.

 

Kent og Sussex

Sussex er den britiske regionen som produserer mest vin og har eige PDO-vern. Protected Designation of Origin er den sterkaste av dei geografiske opphavsnemningane i EU. Ho blir gitt til unike produkt, både mat og drikke, frå eit definert område og stiller spesifikke krav til råvarer, tilverkingsmetode og lagring. Champagne, parmaskinke og tørrfisk frå Lofoten er eksempel på produkt med PDO-vern. 

Kent ligg aust for Sussex, ved Den engelske kanalen overfor Calais. Dei ikoniske kvite kalkklippene i Dover utgjer kystlinja til Kent og gir ein utmerkt demonstrasjon av kor djupt dette kalkjordsmonnet er.

Området blir kalla Englands hage og er kjent for frukttre og dermed siderproduksjon òg. Vinprodusentar frå Kent rapporterer om ei interesse for vinane sine som er så stor at dei ikkje klarer å lage nok vin. Epletre blir røska opp, og golfbanar og grønsaksåkrar blir kjøpte opp for å plante druer. Tradisjonsrike champagneprodusentar har òg kjøpt opp vinmarker i området.

 

Klima: Kent har, som Sussex, eit varmare klima enn resten av England og er godt eigna for vin- og siderproduksjon. Sussex er ein av dei mest solrike stadene på dei britiske øyane.

Druer: Chardonnay, Pinot Noir, Pinot Meunier, Bacchus og Ortega utgjer mesteparten av plantene. Desse druesortane har erstatta tyske hybridar som blei planta på 70-talet.

Jordsmonn: Underliggjande kalk med leire, sand og flint.

 

Lytt til vår podcast om England

Vinlandet England

 

kart.png