Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Vinmonopolet si historie

Vinmonopolet-i-Larvik-ca-1950,-1600px-red.jpg

Organisasjonen har ei spennande og engasjerande historie. Mellom anna blei Vinmonopolet i si tid etablert etter sterkt press frå vinlandet Frankrike.

Tekst:
Fridtjof Simonsen

foto

Foto:
Vinmonopolets arkiv/Norsk Folkemusem

Store alkoholproblem

På 1800-talet var det store alkoholproblem i Noreg. Lovgivinga var liberal, og tekniske framsteg i produksjonssektoren var med på å auke brennevinsforbruket. Det toppa seg omkring 1830-1840. Då drakk kvar vaksen innbyggjar i gjennomsnitt om lag 13 liter rein alkohol i året i form av brennevin.

Det aukande misbruket gjorde at opinion mot brennevinet voks, og i 1871 blei det aller første samlaget etablert. Samlaget var eit kommunalt kontrollert brennevinsutsal som skulle eliminere dei privatøkonomiske interessene rundt brennevinssalet. Overskotet skulle gå til «allmennyttig arbeid».

Forbod

I 1919 blei det arrangert ei landsomfattande folkerøysting om totalforbod mot omsetnad av brennevin og heitvin. 61,6 prosent stemte ja til forbodet, men av handelspolitiske grunnar blei ikkje forbodet lovfesta før i 1921. Vinlanda var ikkje særleg glade for forbodet, og på grunn av den norske eksporten av mellom anna klippfisk til desse landa blei protestane tekne svært alvorleg.

Den økonomiske krisa frå 1920 gjorde det endå meir prekært å få til gode handelsavtalar med vinlanda, men Frankrike ville berre gå med på ein avtale som sikra at nordmenn kunne kjøpe den svakvinen dei ønskte, og kor mykje dei ville av han. Eit sentralisert vinmonopol ville hindre den lokale planløysa som rådde i Noreg, blei det hevda.

Dette hadde mykje å seie for at Vinmonopolet blei etablert som eit privat aksjeselskap under statleg kontroll 30. november 1922. Einerettane til Vinmonopolet omfatta både import og sal.

Føremålet var å sikre sal av vin over heile landet og samtidig ta sosiale omsyn i samband med alkoholomsetnaden.

Då forbodet mot sal av sterkvin (1923) og brennevin (1926) blei oppheva, fekk Vinmonopolet ansvaret for handelen med desse produkta òg.

Staten overtek

Ei rettssak i 1930 avslørte mellom anna store manglar ved innkjøpsrutinane til Vinmonopolet, og ordninga blei gjennomgått på nytt. Innkjøpsprosedyrane blei opna for innsyn og formaliserte, slik at enkeltpersonar fekk mindre makt og innverknad. Vinmonopolet blei knytt nærare opp mot staten, men var framleis eit aksjeselskap. Selskapet blei underlagt ei eiga lov av 19. juni 1931 (vinmonopollova). Gradvis blei private eigarinteresser kjøpte ut, og sidan 1939 har staten eigd Vinmonopolet.

Vinmonopolet blir delt

Etter at EØS-avtalen tok til å gjelde 1. januar 1994, blei vinmonopolordninga på nytt sett under press. EFTAs overvakingsorgan ESA slo fast at import- og engrosmonopolet til Vinmonopolet var i strid med EØS-avtalen. Resultatet var at desse delane av monopolordninga blei oppheva 1. januar 1996. Samtidig blei Vinmonopolet delt og det statlege aksjeselskapet Arcus stifta. Arcus AS overtok all import- og grossistverksemd i tillegg til eineretten til brennevinsproduksjon og tapping på flasker. Vinmonopolet stod att som eit reindyrka detaljsalmonopol.

I 1997 blei det klart slått fast at vinmonopolordninga slik ho er i dag, er i samsvar med EØS-avtalen.