Kva smakar mjød?
Ei vanleg oppfatning er at mjød er fyldig og søt, kanskje like søt som honningen sjølv. Dette er ikkje tilfelle - tvert om. Sjølv om det ofte er aromaer av honning i mjød, kan den vera søt eller tørr, musserande eller stille, alkoholsterk eller alkoholsvak. Som i andre drikkar, vil restsødme (sukker som vert igjen i vinen etter at gjæringa er over) samt høg alkoholprosent bidra med fylde og kompleksitet i mjøden.
Oppfatninga om at mjød er fyldig og søt har samanheng med at fleirtalet av tradisjonelle mjødprodusentar stort sett har laga den tradisjonelle mjøden. Denne mjød-typen kjenneteiknast av å vera søt og alkoholsterk.
Mjød laga på honning åleine kan ofte få ein noko eindimensjonal smak. For å gi drikken eit meir komplekst smaksbilete, kan mjødmakaren nytta ulike typar honning, vassmengd og gjærtypar. I tillegg kan hen tilsetje både frukt, bær, krydder og urter som til dømes humle. Her er det berre fantasien som set grenser.
Det gir opphav til mange ulike mjødstilar og variasjonar innanfor den vesle kategorien mjød; det er enorme forskjellar mellom ein frisk, fruktig og boblande fruktmjød på 5–6 % og ein fatlagra kryddermjød på 14–15 %.
Det er ofte lettare å få spesialingrediensar til å fungera i mjød, då utgangspunktet - honning - er enklare som bakteppe enn til dømes øl, slik at andre smakar kjem tydelegare fram. Aroma i mjød er til dels vanskeleg å føreseia når ein lagar han, og det er ikkje alltid samanheng mellom aroma og smak. Enkelte mjødar er utruleg aromatiske og smaker mykje mindre, medan andre luktar omtrent ingenting, men har veldig intens smak.
Ulike mjødstilar
- Tradisjonell mjød (show mead): mjød laga på berre honning, gjær og vatn. Det er ofte denne stilen folk forbindar med mjød. Den har som regel alkohol på rundt 10-14% og er veldig søt i smaken.
- Melomel: mjød som er tilsett frukt og/eller bær. Denne stilen er blitt svært populær dei siste åra.
- Metheglin: mjød som er tilsett urter og/eller krydder. Vert av somme mjøderier kalla for «julemjød».
- Bochet: mjød som er laga med karamellisert honning.
- Braggot: mjød blanda med øl. Ein slags hybrid av mjød og øl. Vert betrakta som ein ølstil i mange ølmiljø.
- Cyser: mjød blanda med sider. Ein slags hybrid av mjød og sider.
- Pyment: mjød blanda med vin.
Mjødens historie er eldre enn du kanskje trur
I Noreg er mjød mest kjent for å vera favorittdrikken til vikingane, men mjød har blitt laga i større omfang andre stader i verda og lengre tilbake i tid enn vikingtida.
Det seiast at den aller første mjøden, og kanskje den aller første alkoholen i verda, vart til ved eit reint tilfelle i Afrika. Uthola trestammar med bikubar vart overflødd av monsumregnet, og det søte honningvatnet byrja å gjære.
Mjød var mest utbredt i Noregs tidlege historie og fram til omkring middelalderen, men dei eldste spora av mjødproduksjon finn me særleg i Polen og Russland der det var vanskelege forhold for vinmaking.
Tilgong på honning i vikingtida
Sjølv om kjeldematerialet er noko tynt, visar nyare forsking at det vart brygga svært lite mjød i vikingtida. Årsaka var at det var særs lite honning tilgjengeleg i Noreg då bierøkt ikkje fanst i organiserte formar. Det meste av honningen og mjøden vart importert frå utlandet gjennom handel eller plyndring.
Mjød vart eit kostbart luksusprodukt spara til særskilde anledningar. Vikingane drakk difor små mengder mjød, mens øl var både enklare og billegare å få tak i.
Oppsving i nyare tid
I kjølvatnet av den store interessa for handverksøl som me har sett dei siste 20 åra, er det no ei fornya interesse for vellaga mjød. Berre i USA har talet på mjøderier tidobla seg dei siste 10 åra, og heimebrygging har vorte stadig vanlegare. Det har også blitt vanleg å eksperimentere med ulike variantar og smakskombinasjonar.
Tilgjengelegheit på polet
Du finn mjød som ei eiga varegruppe i filtreringa i nettbutikken. Alle Vinmonopol har mjød, men spesialbutikkane for øl (+ØL-butikane) har eit utvida sortiment av både øl, sider og mjød.
Sjå kor du finn spesialbutikkane