Øl kan vere svart, raudt eller gyllent. Det kan vere bittert som gammal te, søtt som karamell eller surt som ein sitron. Somme øl smaker som «vanleg» øl, mens andre er grensesprengjande. 

Ein ølsmakar seier ikkje: – Æsj! Eg liker ikkje slikt øl. Ein ølsmakar seier i staden: – Hm, dette var eit interessant øl – er det ikkje litt røyk og chili eg kjenner i ettersmaken? 

Ver nysgjerrig, og kjenn etter kva du smaker. Øl kan vere svart, raudt eller gyllent. Det kan vere bittert som gammal te, søtt som karamell eller surt som ein sitron. Somme øl smaker som «vanleg» øl, mens andre er grensesprengjande. 

Podkast 39. Lær å smake øl

Vi går gjennom smaketeknikken, og snakker om hva vi bør kjenne etter for å vurdere om et øl holder høy kvalitet.

Podkast 51. Feil i øl

Hva har gått galt når ølet lukter hundemat eller ridderost? Hva betyr brett? Og hva har Harry Potter og en av de mest vanlige ølfeilene til felles?

Sjå

Tipp glaset på skrå mot ein kvit bakgrunn så du ser fargen betre. Fargen kan seie noko om typen malt som er brukt, men ikkje noko om kvaliteten på ølet. Mange øl er skya. Det vil seie at dei er litt uklare. Dette treng ikkje vere negativt.

Start ein ølklubb og smak øl saman

Lukt

Snurr gjerne på glaset for å få fram meir aroma frå ølet. Stikk nasen ned i glaset, men ikkje helt ned i ølet, og sniff eit par djupe drag. Trekk deg tilbake, og tenk etter kva du kjende. Somme øl luktar mykje, andre lite. Ikkje fortvil om du synest det er vanskeleg å setje ord på det du kjenner.  

Smak

Ta ein god munnfull med øl. Du treng ikkje gurgle eller slurpe. La ølet vere i munnen i fire til fem sekund og spytt eller svelg. Trekk inn litt luft gjennom munnen som du så pustar ut igjen med nasen. Då får du mest ut av ettersmaken. Med munnen kjenner du etter kor fyldig, bittert, søtt og friskt ølet er.

Bli-en-lsmaker-bokm-l-8.png