Tilbake
Om ossStyring og ledelse

Vinmonopolets skattepolicy

Formålet med Vinmonopolets skattepolicy er å fastsetje og offentleggjere prinsippa og strategien selskapet følgjer i skatte- og meirverdiavgiftsspørsmål.

Policyen er eigd av administrerande direktør og blei vedteken av styret i selskapet 11.11.2021. 

Vinmonopolet er eit sektorpolitisk særlovselskap, regulert i vinmonopollova. Vinmonopolet har einerett på sal av brennevin, vin og sterkøl til forbrukarane og er eit heileigd statleg aksjeselskap underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. AS Vinmonopolet høyrer heime i Noreg. Vinmonopolet har inga verksemd i andre land enn Noreg.

Vinmonopolet skal vere ein ansvarleg skatteytar. Selskapet, og dotterselskap, skal rette seg etter dei til kvar tid gjeldande lovene og forskriftene på skatte- og avgiftsområdet. Vinmonopolet skal ha ein skattestrategi som er transparent og berekraftig. Selskapet skal drivast på ein kostnadseffektiv måte, men skal ha ein låg risikoprofil på skatteområdet.

Vinmonopolets skattestrategi 

Vinmonopolet skal 

  • følgje alle gjeldande og relevante lover, reglar og forskrifter innanfor skatt og meirverdiavgift;
  • berekne og betale skatt og meirverdiavgift i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Samtidig skal selskapet drivast på ein kostnadseffektiv måte, noko som medfører at ein jobbar for å redusere skatte- og avgiftskostnaden innanfor gjeldande lover og forskrifter; 
  • ikkje drive aggressiv skatteplanlegging;
  • ha eit profesjonelt og transparent forhold til skattemyndigheitene og andre offentlege myndigheiter.

Bruk av eksterne skatterådgivarar i Vinmonopolet

Dersom det er behov for det, kan Vinmonopolet innhente støtte frå eksterne skatterådgivarar for å sikre at selskapet overheld relevant lovverk, og oppnå kostnadseffektivitet på skatte- og avgiftsområdet. Desse prinsippa blir lagde til grunn ved bruk av eksterne skatterådgivarar:

  • Økonomifunksjonen i selskapet kan innhente støtte frå eksterne rådgivarar, mellom anna frå eksternrevisoren til selskapet, for enkle, daglege skattespørsmål, mellom anna bistand til utarbeiding av skatterapportering, for å sikre korrekt behandling og rapportering på skatte- og avgiftsområdet.
  • Bruk av ekstern skatterådgiving utover dette skal godkjennast av direktøren for økonomi og anskaffingar .
  • Eksterne skatterådgivarar skal overhalde Vinmonopolets skattestrategi.

Vinmonopolet sitt forhold til skattemyndigheitene

Vinmonopolet skal ha eit forhold til skattemyndigheitene som er basert på dialog, samarbeid, openheit og profesjonalitet. Vinmonopolet skal leggje vinn på å ha eit forhold til skattemyndigheitene som er basert på ærlegdom, integritet og respekt. Selskapet skal ha som mål å alltid gi rette, fullstendige, nøyaktige og tidsriktige opplysningar i all skatterapportering og annan kommunikasjon med skattemyndigheitene. 

Selskapet er underlagt Sentralskattekontoret for storbedrifter.