Tilbake
Oppskrifter

Thai fiskekaker med papayasalat: oppskrift

Disse fiskekakene har sprø stekeskorpe og hint av umami, med en syrlig og litt sterk salat til.
thaimat vinbladet fiskekaker av.jpg
Foto: Tommy Andresen

Først publisert i Vinbladet 2021-3
Tekst: Marie Steffens
Oppskrift: Andreas Ingul
Drikketips: Anne Enggrav

Dei fleste ingrediensane du treng til denne oppskriften er ganske greie å finne, i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.

Se også artikkelen med tips til hvilke typer drikke som passer til thaimat

Drikke til fiskekaker med papayasalat 

Salaten er syrleg og litt sterk, med eit fiskeaktig hint av umami. Papayaen er sprø, og kakene har fin steikjeskorpe.  

  • Fruktsurøl med tilsetjingar som ­papaya, mango, pasjonsfrukt eller sitrus. Meir dempa pils eller kveiteøl passar til steikjeskorpa. 
  • Kvitvin av den aromatiske drua Gewürztraminer med ganske låg syre og feit, olja munnkjensle temmer aromaene i maten. Frisk og konsentrert grüner veltliner går i same retning. 
  • PetNat i fruktig stil har bobler som opnar opp for smakane i maten, inkludert chilien. 
  • Alkoholfri limonade, slank og fruktig eplemost eller sparkling tea. Denne thai-mocktailen passar flott

Thai fiskekaker med som tam

400 g filet av fersk sei, hyse eller lyr, reinsa for skinn og bein og kutta i terningar. Du kan òg lage kakene med krabbekjøt.
4 ss raud karripasta (kjøp ferdig eller lag sjølv etter oppskrifta nederst
3 ss fiskesaus
1 dl grøne bønner, finsnitta
1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
1 egg
1 dl kokosmjølk
1,5 ts salt
150 g panko (brødsmular)

Bruk ei kjøkkenmaskin og køyr opp fisken saman med karripasta, egg, 2 ss panko, salt, palmesukker og fiskesaus. Spe med kokosmjølk. Farsen skal bli litt glatt, og konsistensen skal vere litt spenstig. Ikkje køyr så mykje meir enn eit minutt, då kan farsen lett sprekke. Set han kjølig om du skal bruke han seinare. Han kan stå ein dag i kjøleskapet.

Form bollar i den storleiken du ­ønskjer. Dei kan anten steikjast som dei er, eller du kan vende dei i panko og fritere dei på 180 grader. Vi anbefaler å fritere fiskekakene i to omgangar for å få dei ekstra sprø. Kan til dømes serverast saman med papayasalat.

Som tam (papayasalat)

400 g grøn papaya, snitta i tynne strimlar
2 kvitlauksfedd, finkutta
4 små chiliar, utan frø, finkutta
1 ts salt
2 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
10 grøne bønner, delte i tre
4 ss rista peanøtter, finkutta
10 cherrytomatar, delte i to
20 reker, kokte og reinsa
3 ss fiskesaus
3 stk. lime (berre safta)

Bland saman alle ingrediensane bortsett frå peanøttene. Du kan godt røre rundt med «dressingen» ei god stund, så alle smakane får sett seg skikkeleg. Strø over peanøtter på toppen. Dette er eit perfekt tilbehøyr til biff, grilla fisk eller grilla kylling – eller berre som ein salat i seg sjølv.

Karri

I Thailand er karriblandingar både syrlege, aromatiske og meir eller mindre sterke. Aller best smaker dei om du lagar dei sjølv, men du kan òg kjøpe ferdige pastaer. Den gule er mildast, grøn pasta med fersk, grøn chili er litt sterkare, mens den raude pastaen med tørka raud chili er den aller heitaste. Massaman-karri frå den muslimske delen av landet går litt meir i retning av indisk karri, med bruk av tørka krydder i kombinasjon med dei ferske thailandske aromaene. 

Raud karripasta

4 raude chiliar utan frø
2 fedd kvitlauk
2 små sjalottlaukar 
Stilkar av 1/2 bunt koriander eller 3 korianderrøter
1 galangal, finkutta
5 kaffirlimeblad, finkutta
2 stenger sitrongras, finkutta
1 ss solsikkeolje

Reins alle ingrediensane og køyr dei opp med litt olje i ein hurtighakkar eller mortar til du får ein homogen masse.

andreas ingul portrett.jpg

Polkokken!

Andreas Ingul er både kokk og ekspeditør på Vinmonopolet. Han deler raust av kunnskapen sin om mat og vin både på interne kurs på Polet og til kundene våre.