Tilbake
Oppskrifter

Khao soi: oppskrift med drikketips

Denne klassiske kyllingkarrien fra Chiang Mai i Thailand er smaksrik, men ikkje sterk.
thaimat vinbladet khao soi karri av.jpg
Foto: Tommy Andresen

Først publisert i Vinbladet 2021-3
Tekst: Marie Steffens
Oppskrift: Andreas Ingul
Drikketips: Anne Enggrav

Dei fleste ingrediensane du treng til denne oppskriften er ganske greie å finne, i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.

Se også artikkelen med tips til hvilke typer drikke som passer til thaimat

Drikke til khao soi

Retten er smaksrik, men ikkje sterk. Til det djupe krydderpreget passar drikke med meir enn berre fersk fruktigheit. Tilstrekkeleg konsentrasjon gjer at drikken ikkje verkar syrleg og spinkel.

  • Oransjevin med tydelege skalpreg – blomstertonar, balsam og aprikosfrukt.
  • Kvitvin med preg av gjærrestar eller litt fat. 
  • Avkjølt, ung raudvin med modent fruktpreg frå eit varmt klima som Libanon eller Sør-Frankrike. 
  • Klassisk IPA med litt bitterheit frå ein ikkje for aromatisk humlesort eller fransk sider med modent eplepreg og fermenteringsaroma. 
  • Alkoholfri kombucha med gjæringspreg og friskleik. Fyldig, rund eplemost med moden fruktaroma.

Khao soi (kyllingkarri frå Chiang Mai)

4 kyllinglår
karripasta (sjå oppskrift under)
1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
1/2 boks kokoskrem
3 dl kyllingkraft
2 ss mørk soya
2 ss lys soya
1 handfull ferske eller tørka (kinesiske) eggnudlar
3 vårlaukar, finkutta
1 handfull fersk koriander
litt nøytral olje
salt

Friterte nudlar

5 dl solsikkeolje
1 stor neve ferske nudlar (eller tørka)

Slik gjør du det

Del kyllinglåra i to i leddet. Salt kyllingen og brun skinnet til det får ein gyllen farge. Ta kyllingen ut av panna og tilset karripasta med litt olje og kokoskrem. Kok inn til kokoskremen begynner å skilje seg, mens du rører i panna. Ha i kylling og kraft og kok i 20–30 minutt til kyllingen er mør. Ha i vårlauk mot slutten.

Kok opp vatn, og kok nudlane slik det står på pakka.

Legg opp nudlane først, så kyllingkarri, vårlauk og friterte nudlar på toppen. Kan til dømes serverast med sylta kål, finkutta sjalottlauk, bønnespirer og lime.

Karri

I Thailand er karriblandingar både syrlege, aromatiske og meir eller mindre sterke. Aller best smaker dei om du lagar dei sjølv, men du kan òg kjøpe ferdige pastaer. Den gule er mildast, grøn pasta med fersk, grøn chili er litt sterkare, mens den raude pastaen med tørka raud chili er den aller heitaste. Massaman-karri frå den muslimske delen av landet går litt meir i retning av indisk karri, med bruk av tørka krydder i kombinasjon med dei ferske thailandske aromaene. 

Gul karripasta

3 store raude chiliar utan frø
2 sjalottlaukar, grovkutta
1 ts korianderfrø, rista
2 fedd kvitlauk, finkutta
2 cm gurkemeie, finkutta
2 cm ingefær, finkutta
3 korianderrøter, finkutta

Køyr alt til ein glatt pasta i ei kjøkkenmaskin eller ein mortar.

andreas ingul portrett.jpg

Polkokken!

Andreas Ingul er både kokk og ekspeditør på Vinmonopolet. Han deler raust av kunnskapen sin om mat og vin både på interne kurs på Polet og til kundene våre.