Først publisert i Vinbladet 2021-3
Tekst: Marie Steffens
Oppskrift: Andreas Ingul
Drikketips: Anne Enggrav

Dei fleste ingrediensane du treng til denne oppskriften er ganske greie å finne, i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.

Se også artikkelen med tips til hvilke typer drikke som passer til thaimat

Hva smaker laab moo?

Retten er syrleg og litt chilivarm. Aroma frå urter som thaibasilikum gir tonar av anis og kamfer. Salaten har fersk smak og sprø konsistens.

Drikke til laab moo

  • Kvitvin av Riesling er klassisk, gjerne ein rimeleg variant med enkel, rein sitrusfruktigheit og eventuelt litt restsøtleik. Tørr, fruktig Sauvignon Blanc med mykje aroma passar til urtepreget i maten. 
  • Norsk sider med syre og litt søtleik, reint og ferskt eplepreg. 
  • Øl med mykje aroma, til dømes NEIPA. Litt grep frå humlen strammar opp maten og gir urteaktig fruktigheit.
  • Alkoholfri IPA, ingefærøl eller limo­na­de har aroma som passar.

Laab moo

400 g svinekjøtdeig
1 ts salt
1 dl kraft av kylling eller svin
1 lita rot galangal, finkutta
2 fedd kvitlauk, finkutta
2 store sjalottlaukar, finstrimla
1 liten bunt vårlauk, finstrimla
1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
1 ts chilipulver eller 5 stk. bird eye chili
3 ss fiskesaus
6 ss limejuice
1 ss sticky rice (rista i panne og malen i mortar)
1 neve grovkutta koriander
1 neve grovkutta mynte
1 pakke bønnespirer
1 liten bunt koriander
1 liten bunt sweet basil (thai-basilikum)
3 stk. lime, delte i båtar
1 isbergsalat, vaska og delt opp i heile blad

Steik kjøtdeigen i olje i fleire omgangar til alt er gjennomsteikt. Ha i galangal, kvit-lauk og chili og steik det heile eit minutt eller to. Hell over kraft, fiskesaus, sukker og male rispulver og la det koke inn i 5–6 minutt. Tilset til slutt limejuice, mynte og koriander og server i eigen bolle. Server salat med kjøt, sticky rice, urter, lime og bønnespirer, og et retten som ein slags taco i salatblad.

Sticky rice

200 g klistrete ris (eller sticky rice) 
vatn

Vatn ut risen i 2–3 timar. Damp han i 20–25 minutt i ein dampkjel med små nok hol til at risen ikkje dett gjennom, eller i eit perforert bakepapir i ein bambus­steamer. Med lok på held risen på varmen ein liten halvtime etter damping.

andreas ingul portrett.jpg

Polkokken!

Andreas Ingul er både kokk og ekspeditør på Vinmonopolet. Han deler raust av kunnskapen sin om mat og vin både på interne kurs på Polet og til kundene våre.