Du benytter en utdatert nettleser som Vinmonopolet.no ikke lenger støtter

Vennligst last ned en av følgende oppdaterte, gratis og gode nettlesere:

Vi ønsker deg velkommen igjen.

Øl, vin eller alkoholfritt til pølser?

drikke-til-polser-og-tilebhor-GettyImages-641391196.jpg

Til all god mat er det godt med god drikke. Det gjeld òg til pølser. Sidan pølsene ofte er ganske salte, og tilbehøyret er smaksrikt, gjeld det å finne drikke som er omtrent like smaksrik og i tillegg leskande.

Tekst:
Vinmonopolet

foto

Foto:
Getty Images

Kvitvin

Ein tørr tysk riesling av god kvalitet har nok konsentrasjon til å hamle opp med både det sterke i kimchien og den krydra fruktigheita i ketsjupen. Dessutan er det nok friskleik til å takle saltet. Vel gjerne ein med god modning og av god kvalitet. Ein GG frå Nahe er eit godt val. Chenin blanc frå Frankrike kan òg vere konsentrert og frisk, og kan i tillegg ofte ha ei fin, nesten jordleg djupn. Det passar godt til både fermenteringsaromaene i kimchien og til den steikte løken.

Raudvin

Sjølv om raudvin vanlegvis ikkje har den same friskleiken som ein kvitvin, kan raudvin òg fungere til pølser. Vel ein med fersk og tydeleg fruktigheit, for eksempel ein pinot noir frå New Zealand eller Australia.

Musserande

Å drikke bobler til pølsefesten passar på så mange måtar. Boblene verkar reinsande og forfriskande. Vel du ein som er laga på tradisjonell metode, har han ofte aromaer frå botnfallslagring som kan passe godt til både pølse, løk og kimchi. Prøv ein god crémant eller aller helst ein champagne.

Øl

Pølse og pils er ein klassisk kombinasjon som det er all grunn til å prøve. Maltpreget i pilsen forsterkar både pølsesmaken og den steikte løken. Dessutan er det leskande. Vel du eit meir smaksrikt tilbehøyr, kan det vere godt å prøve eit meir aromatisk og fruktig øl. Både ketsjup og kimchi har nokre fruktige aromaer som passar til eit fruktigare øl. Prøv ein IPA eller ein saison.

Alkoholfritt

Fruktige og svale humlearomaer kan vere godt til mat med mykje smak. Prøv eit mineralvatn smaksett med humle, ein Hop Tonic, til pølsene, eller ein alkoholfri IPA. For eit enda fruktigare alternativ kan det òg passe med ein bringebærlimonade. Det vil vere ein god kontrast til både pølse og løk. Limonaden har nokre aromaer til felles med ketsjup og kimchi, og har nok smak og friskleik.