Tilbake
Om ossInnkjøp

SPI - sensorisk prøveinstans

Alle produkta som blir kjøpte inn til Vinmonopolets butikkar, blir vurderte av eit objektivt dommarpanel med spesialkompetanse. Dommarpanelet blir kalla SPI – Sensorisk prøveinstans.
Illustrasjon, to personer smaker på nummererte vinglass.

Sanseleg kvalitet kan målast

Når vi kjøper inn nye produkt til butikkane våre, inviterer vi leverandørane våre til konkurranse om nettopp kvalitet og pris. Kvalitet i denne konkurransen handlar berre om sensorisk kvalitet av innhald, altså det som kan sansast. Verktøyet vi brukar for å måle kvalitet er eit panel av fem smaksdommarar med spesialkompetanse. 

SPI er eit sensorisk laboratorium som måler kvalitet.

Dommarane sin kompetanse

I SPI er måleinstrumenta menneske. Fundamentet i dommarkompentansen er grundig opplæring, breid erfaring, regelmessig trening og koordinering, teoretisk produktkunnskap og god lukte- og smakssans. I tillegg treng dei evne til å samarbeide og til å konsentrere seg. Prestasjonane blir kontrollerte kontinuerlig, og kvart anna år må dei opp til ny, fullstendig eksamen for å kvalifisere seg.

Jobben som dommar er deltidsjobb. Når dei ikkje er måleinstrument for SPI, møter du dei som hyggjelege og dyktige hjelparar i butikkane våre i Oslo-området.

Formålet: objektiv og trygg bedømming

Fordi vi er eit monopol, er det kritisk viktig for oss i Vinonopolet å gje leverandørane våre like vilkår.

Fordi Vinmonopolet har eit alkoholpolitisk samfunnsoppdrag, må vi gje kundane våre eit så godt vareutval at ingen ønskjer seg ei anna ordning. 

Begge desse omsyna blir tekne vare på ved å bruke SPI i Vinmonopolets innkjøpsprosess. Eit uavhengig panel av kompetente og godt førebudde dommarar, gjev objektiv og fagleg sikker kvalitetsbedømming. 

Metoden – eit blikk inn i laben

Akkreditering

SPI er eit laboratorium for sensorisk kvalitetstesting, akkreditert av Norsk akkreditering (https://www.akkreditert.no/). Det inneber at Norsk akkreditering som uavhengig tredjepart, vurderer SPIs kompetanse, integritet og uavhengighet. 

Les meir om Vinmonopolets akkreditering

Kvart år gjennomfører Norsk akkreditering revisjon av SPI. Ein slik revisjon kan omfatte alle sider ved SPI, frå dommarkompetanse og kvaliteten av prøveresultata, til temperaturkontroll og avfallshandtering. 

Skrivebord med to rekker rødvinsvinglass med tall på stettene, vask, mus og tastatur.

Nokre sentrale prinsipp i SPIs metode (for deg som er særleg interessert)

  • Metoden SPI brukar for å bedømme kvalitet, er spesielt tilpassa oppgåvene og produkta som blir testa. 
  • Vi brukar fem dommarar i panelet. Det er tilstrekkeleg mange til å hindre at enkeltdommarars eventuelle feilskjær får store konsekvensar for panelets gjennomsnittsskår.
  • Ingen av dommarane må ha nokon kunnskap om kva produsentar eller enkeltprodukt som er representert blant tilbodsprøvene. Dette er avgjerande for å kunne utføre uavhengig og objektiv bedømming.
  • Dommarane bedømmer kvar prøve mot kravet som er uttrykt i ein spesifikasjon. Spesifikasjonen er den same som leverandørane får når dei blir inviterte til å delta i anbudskonkurransen. Dette er med på å sikre like vilkår i ein åpen prosess.
  • Kvar dommar møter førebudd med eit skriftleg notat til kvar spesifikasjon som SPI skal bedømme denne dagen. Før kvar ny økt, går dommarpanelet gjennom den aktuelle spesifikasjonen i felleskap. Dei diskuterer og avklarer aktuelle problem, og deler erfaringar og kunnskap. Dette sikrar eit koordinert panel av vel førebudde dommarar.
  • Prøveglasa er anonymiserte og merka med eit tilfeldig tresifra nummer. Dette er med på å sikre objektiv prøving. Rekkefølgja prøvene blir prøvd etter er randomisert og forskjellig for kvar av dei fem. Det sikrar at ikkje rekkefølgja skal ha noko å seie for resultatet.
  • Bedømminga blir gjennomført i eit rom som er spesiallaga for SPI. Rommet er stille og lyst, alle flater er lyse, lufta er filtrert og luktfri, temperaturen er 19 ° C, og dommarane sit i kvar sin bås. Dette gjev dommarane best mogeleg vilkår til å utføre oppgåva.
  • Ingen av dommarane kan snakke saman eller kommunisere noko som helst rundt bedømminga av ein prøveserie, før alle er ferdige og prøvinga er formelt godkjend og avslutta. Sjølv eit sukk eller himling med augene frå ein kollega kan vere forstyrrande. Også denne regelen er til for å sikre uavhengig og objektiv bedømming.

Kva produkt hamnar i butikken?

SPIs rolle i innkjøpsprosessen er å bedømme sensorisk kvalitet. Ingenting anna. Resultatet frå SPIs prøving blir send innkjøparane i Vinmonopolet. Dei avgjer eventuelle kjøp. Avgjerd om innkjøp blir gjennomført på bakgrunn av ei totalvurdering av pris, sensorisk kvalitet og leveringsdyktigheit i tråd med Forskrift om AS Vinmonopolets innkjøpsverksemd mv. (ekstern lenke).

Les meir om våre innkjøpsrutiner