Vinmonopolets app

Kjøp og bestill varer, sjekk lagerstatus og opningstider, skann strekkoder og lag favorittlister.

Illustrasjon.

Dette kan du gjere i appen

  • Søk blant alle produkta våre, og bruk filtreringa for å finne fram til interessante produkt.
  • Komplett nettbutikk i lomma: bestill varer og betal direkte i appen.
  • Finn opningstider for din lokale butikk.
  • Sjekk lagerstatus for ønska produkt på ditt lokale Vinmonopol.
  • Drikkeveljaren gjer det enklare å finna relevante produkt til maten du skal servere.
  • Skann strekkoden på flaska og få opp all informasjon om produktet.
  • Lagre produkt i eigendefinerte favorittlister med smaksnotat og vurdering.

Skreddersydd for liten skjerm

Alle desse tinga kan du også gjere om du besøkjer nettsida vår via nettlesaren på telefonen din. Forskjellen er at i Vinmonopolets app treng me ikkje inngå dei same kompromissa som me må gjere når ein nettbutikk skal designast for både store og små skjermar. Opplevinga i appen er difor meir skreddarsydd for liten skjerm og kan opplevast lettare å navigera.

Sidan du er automatisk logga inn når du bruker appen, vil all informasjon du legg inn, som favorittlister, smaksnotat og kjøpshistorikk, bli synkronisert til Mine sider, så det er tilgjengeleg for deg uansett kor du besøkjer nettbutikken frå.

Kundesenteret

[email protected]

22 01 50 00