Kva betyr økologisk, biodynamisk og regenerativt?
Økologisk, biodynamisk og regenerativt jordbruk har mykje felles, og er meir naturleg enn mystisk. Her får du forklaringa, kort og greitt.
Tekst: Håkon Skurtveit - Senior varefaglig rådgiverPublisert: Sist oppdatert:
Kva er økologisk vin?
Råvarer til økologiske produkt må vere dyrka utan bruk av genmodifiserte frø eller plantar, utan bruk av kunstgjødsel, og utan bruk av kjemiske-syntetiske middel mot ugras og skadeinsekt. Det er det viktigaste. I tillegg må sjølve produksjonen skje i samsvar med reglar for økologisk produksjon.
Nokre krav til vinproduksjon
- Lågare grense for maks innhald av sulfitt i vinproduksjon.
- Berre naturleg framstilte hjelpestoff er tilletne under produksjon, for eksempel for å klare og stabilisere vin.
Kva er biodynamisk vin?
Målet for biodynamisk drift er ein gard som er sjølvforsynt med plantar og gjødsel, og som resirkulerer så mykje som mogeleg. For å bli biodynamisk sertifisert, må garden først oppfylle krava for økologisk sertifisering.
Biodynamisk jordbruk byggjer på antroposofiske idéar. Det innebér at ein også tek omsyn til astrologi slik at månefasane påverkar kva som er beste tida for å utføre ulike aktivitetar ute i vinmark og åker, og inne i produksjonen.
Krav - økologisk med tillegg
- Garden blir sett som éin organisme, og heile garden skal vere del av den biodynamiske drifta.
- Ein skal bruke biodynamiske preparat i homøopatiske mengder for å stimulere og styrke jord, plantar og kompost. Preparata blir laga av ulike naturlege material som silisium, humus frå kumøkk, uttrekk frå plantar eller frå dyrehorn, -blære eller -tarm.
- Det er ikkje lov å bruke frø eller plantar som har kome fram ved bruk av teknikkar som inneber genetiske endringar.
- Det bør vere husdyr på garden. Alternativt kan ein samarbeide med andre gardar som driv økologisk eller biodynamisk om å utveksle fôr og gjødsel. Det er ikkje tillate å bruke verken fôr til dyr eller dyregjødsel frå konvensjonelt landbruk.
- Lågare grense enn økologisk for maks innhald av sulfitt i vinproduksjon.
- Lågare grenser for utslepp av kopar til jorda frå plantevernmiddel enn både økologisk og konvensjonell drift.
Krava for for biodynamisk drift er fleire. I tillegg finst anbefalingar som gjer at praksis kan tilpassast tilhøva på kvar enkelt gard.
Motivasjon – kvifor økologisk/biodynamisk drift?
- Mindre risiko for helseskade på folk, frå syntetiske plantevernmiddel.
- Mindre skade på natur, og størst mogeleg artsmangfald.
- Betre velferd for husdyr i matproduksjon.
- Ta vare på jorda slik at ho held seg fruktbar i framtida.
- Styrke plantane sitt naturlege immunforsvar.
- Auka kvalitet på det ein dyrkar (ein mogeleg konsekvens).
Dilemma
Økologisk drift kan vere ein effektiv måte å minske utslepp av skadelege stoff i nærområdet. Men når det gjeld utslepp av CO₂har det vore eit dilemma at økologisk drift gerne gjer at det blir fleire rundar med traktor gjennom vinmarkene for å sprøyte ved åtak av for eksempel mjøldogg. Årsaka er at dei naturlege sprøytemidla krev hyppigare påføring enn dei kjemisk-styntetiske. Vellukka økologisk/biodynamisk drift fører til styrking av plantanes eige immunforsvar.
Økologisk og biodynamisk sertifisering
Når eit produkt er merka som økologisk i Vinmonopolet, er produktet sertifisert av ei av fleire ordningar som er godkjend av EU.
Når eit produkt er merka som biodynamisk, er sertifiseringa gjort av anten Demeter, Biodyvin, eller Respekt-BIODYN.
Se etter bærekraftsymbolene
Kva er regenerativt jordbruk?
Regenerativt handlar om å drive jordbruk slik at jorda ikkje blir utarma eller eroderer. Vanlege grep er å unngå pløying for å hindre erosjon og å tilføre organisk materiale og kompost for å byggje ny jord og stimulere livet i jorda.
I tillegg handlar regenerativt landbruk om å leggje til rette for auka mangfald, og mindre press og skade på naturmiljøet – inkludert klimaavtrykk. Regenerativt jordbruk kan vere økologisk eller biodynamisk, men treng ikkje vere det.