Hopp til hovedinnhold [Accesskey 's']Hopp til hovednavigasjon Hopp til bunnmeny med kontaktinformasjon

Kva er gyldig legitimasjon på polet?

Alle under 25 år må vise gyldig legitimasjon for å få handle alkohol hos oss. Her kan du sjå kva typar legitimasjon vi aksepterer.

illustrasjon av en hånd som viser legitimasjon.

Gyldig legitimasjon på Polet

Vi godtek desse typane legitimasjon ved sal i butikkane våre, ved utlevering på posten eller levering på dør:

  • Førarkort (inkludert mopedførarbevis med bilete og fødselsnummer)
  • Pass
  • Nasjonalt ID-kort
  • Digital ID i BankID-appen (kan ikkje brukast ved levering på dør)
  • Bankkort med bilete
  • Forsvarets ID-kort
  • Opphaldskort
  • Utlendingspass
  • Asylsøkerbevis
  • Reisebevis for flyktningar

Digitalt førarkort og bilete av legitimasjonen er ikkje gyldig legitimasjon. Utgått legitimasjon kan heller ikkje brukast.

Vi godtek òg utanlandsk legitimasjon i form av pass, førarkort, bankkort med bilete og nasjonalt ID-kort utskrive av styresmaktene i det aktuelle landet.

Aldersgrensene

Det er lov å gå inn på Vinmonopolet uansett alder, men ved kjøp har vi ulike aldersgrenser avhengig av alkoholstyrken på produkta.

Aldersgrense 18 år – opptil 22 %

Aldersgrensa er 18 år for kjøp av øl, vin, sider og brennevin med lågare alkoholstyrke enn 22 prosent.

Aldersgrense 20 år – meir enn 22 %

Aldersgrensa er 20 år for kjøp av brennevin eller andre produkt med alkoholstyrke på 22 prosent eller meir.

Inga aldersgrense – alkoholfritt og gåvekort

Kven som helst kan kjøpe alkoholfrie produkt på Vinmonopolet. Du må heller ikkje vere over 18 eller ha gyldig legitimasjon for å kjøpe gåvekort.

Se ogsåHvor mange viser legitimasjon på polet?

Ung kvinne viser legitimasjon til en butikkekspeditør i kassen.

Vi politimelder bruk av falsk eller lånt legitimasjon

I ei undersøking frå Næringsetaten i Oslo kom det fram at 13 prosent av ungdommane frå 15 til 17 år hadde brukt falsk leg. Fire prosent svarte at dei hadde brukt falsk leg på Polet. Ein del låner òg legitimasjon av venner eller eldre søsken. Men uansett om ein tuklar med sin eigen legitimasjon, bruker forfalska identitetsbevis eller prøver seg med lånt kort, blir det rekna som dokumentfalsk, noko som kan føre til strenge straffer. Vi politimelder bruk av falsk eller lånt leg.

Vinmonopolet kan nekte sal

Det kan òg vere greitt å vite at vi ikkje sel alkoholhaldig drikk til personar som er openbert rusa. Vi sel heller ikkje dersom det er reell mistanke om langing – at varene blir kjøpte til mindreårige.

Se ogsåSlik jobber vi for å sikre ansvarlig salg

Illustrasjon.

Kundesenteret

kundesenter@vinmonopolet.no

22 01 50 00

Sist oppdatert: