Hopp til hovedinnhold [Accesskey 's']Hopp til hovednavigasjon Hopp til bunnmeny med kontaktinformasjon

Khao soi - thai kyllingkarri

Denne klassiske kyllingkarrien fra Chiang Mai i Thailand er smaksrik, men ikkje sterk.

Tekst: Anne EnggravOppskrift: Andreas Ingul - Kokk og butikkekspeditør

Tallerken med gul thai curry og friterte nudler.
Foto: Tommy Andresen

Dei fleste ingrediensane du treng til denne oppskriften er ganske greie å finne, i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.

Drikke til khao soi

Retten er smaksrik, men ikkje sterk. Til det djupe krydderpreget passar drikke med meir enn berre fersk fruktigheit. Tilstrekkeleg
Definisjon

konsentrasjon

Sesnsorisk uttrykk. Mengde og intensitet av aromastoffer i munnen. Konsentrasjon bidrar til energisk munnfølelse, og lengde på ettersmak. Konsentrasjon i vin, øl og brennevin er er gjerne et kjennetegn på kvalitet.

gjer at drikken ikkje verkar syrleg og spinkel.

  • Definisjon

    oransjevin

    En type hvitvin som lages på samme måte som man lager rødvin. Grønne druer får ekstra lang skallkontakt. Det vil si at mosten ikke siles av med en gang, men får trekke ut smaks- og aromastoffer fra skallet. Fargen går mot oransje, dyp gul eller rosa.

    Vil du lese mer om oransjevin?
    med tydelege skalpreg – blomstertonar, balsam og aprikosfrukt.
  • Kvitvin med
    Definisjon

    berme

    Alkoholgjæringen produserer bunnfall (hovedsakelig døde gjærceller). Denne kalles berme på norsk, lie på fransk og lees på engelsk. For enkelte vintyper lar man vinen ligge en periode på bunnfallet (på fat, tank eller flaske).

    Vil du lese mer om berme ?
    eller litt
    Definisjon

    fatpreg

    Alle karaktertrekk som har opprinnelse i lagring i trefat, eller bruk av faterstatning som chips og staver. Trearoma, kokos, vanilje, nellik, kaffe, karamell, ristet tre samt tannin fra treverket.

    . 
  • Avkjølt, ung raudvin med modent fruktpreg frå eit varmt klima som Libanon eller Sør-Frankrike. 
  • Klassisk IPA med litt bitterheit frå ein ikkje for aromatisk humlesort eller fransk sider med modent eplepreg og fermenteringsaroma. 
  • Alkoholfri kombucha med gjæringspreg og friskleik. Fyldig, rund eplemost med moden fruktaroma.

Les ogsåDrikke til thaimat

bord med råvarer til thaimat.

Khao soi (kyllingkarri frå Nord-Thailand)

Porsjoner: 4

Khao soi (kyllingkarri)

  • 4 kyllinglår
  • 1 karripasta (sjå oppskrift under)
  • 1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
  • 1/2 boks kokoskrem
  • 3 dl kyllingkraft
  • 2 ss mørk soya
  • 2 ss lys soya
  • 1 handfull ferske eller tørka (kinesiske) eggnudlar
  • 3 vårlaukar, finkutta
  • 1 handfull fersk koriander
  • litt nøytral olje
  • salt

Del kyllinglåra i to i leddet. Salt kyllingen og brun skinnet til det får ein gyllen farge. Ta kyllingen ut av panna og tilset karripasta med litt olje og kokoskrem. Kok inn til kokoskremen begynner å skilje seg, mens du rører i panna. Ha i kylling og kraft og kok i 20–30 minutt til kyllingen er mør. Ha i vårlauk mot slutten.

Kok opp vatn, og kok nudlane slik det står på pakka.

Legg opp nudlane først, så kyllingkarri, vårlauk og friterte nudlar (sjå oppskrift under) på toppen. Kan til dømes serverast med sylta kål, finkutta sjalottlauk, bønnespirer og lime.

Friterte nudlar

  • 5 dl solsikkeolje
  • 1 stor neve ferske nudlar (eller tørka)

Del opp risnudlane i mindre bitar / i mindre porsjonar, og varm opp oljen i ei wokpanne til om lag 190 °C. Fritter risnudlane porsjonsvis i oljen i nokre få sekund, til dei sveller og blir kvite og sprø. Lat fettet dryppe av nudlane på eit tørkepapir, og hald dei varme.

Gul karripasta

  • 3 store raude chiliar utan frø
  • 2 sjalottlaukar, grovkutta
  • 1 ts korianderfrø, rista
  • 2 fedd finkutta kvitlauk
  • 2 cm finkutta gurkemeie
  • 2 cm finkutta ingefær
  • 3 finkutta korianderrøter

Køyr alt til ein glatt pasta i ei kjøkkenmaskin eller ein mortar.

Karri

I Thailand er karriblandingar både syrlege, aromatiske og meir eller mindre sterke. Aller best smaker dei om du lagar dei sjølv, men du kan òg kjøpe ferdige pastaer. Den gule er mildast, grøn pasta med fersk, grøn chili er litt sterkare, mens den raude pastaen med tørka raud chili er den aller heitaste. Massaman-karri frå den muslimske delen av landet går litt meir i retning av indisk karri, med bruk av tørka krydder i kombinasjon med dei ferske thailandske aromaene.

Hvordan kommer vi frem til drikkeanbefalingene?

I Vinmonopolet er vi opptatt av førstehåndskunnskap. Våre drikkeanbefalinger er basert på systematiske smakinger med vårt ekspertpanel. Vi smaker mange ulike drikker til hver rett for å finne de beste kombinasjonene.

Hvorfor lenker vi ikke til produkter i anbefalingene?

Vi er begrenset av alkoholreklameforbudet og likebehandlingsprinsippet, og vil derfor ikke anbefale konkrete produkter. I stedet viser vi til stiler og egenskaper i ulike produktgrupper som du skal kunne søke og filtrere deg frem til i nettbutikken. Dette gjør tipsene relevante selv om enkeltstående produkter går ut av sortimentet.

Les mer om vårt samfunnsoppdrag

Først publisert i Vinbladet 2021-3 (pdf, 3.4 MB)Sist oppdatert: