Laab moo - svinekjøtt med chili og mynte

Dette er en salat frå Isaan i Thailand med svinekjøtt og sticky rice.

skåler med thaimat, ris urter og grønnsaker.
Foto: Tommy Andresen

Dei fleste ingrediensane du treng til denne oppskriften er ganske greie å finne, i alle fall om du bur i nærleiken av ein asiatisk matbutikk. Sjølv vanlege daglegvarekjeder har etter kvart eit brukbart utval.

Hva smaker laab moo?

Retten er syrleg og litt chilivarm. Aroma frå urter som thaibasilikum gir tonar av anis og kamfer. Salaten har fersk smak og sprø konsistens.

Drikke til laab moo

  • Kvitvin av drua riesling er klassisk, gjerne ein rimeleg variant med enkel, rein sitrusfruktigheit og eventuelt litt restsøtleik. Tørr, fruktig sauvignon blanc med mykje aroma passar til urtepreget i maten. 
  • Norsk sider med syre og litt søtleik, reint og ferskt eplepreg. 
  • Øl med mykje aroma, til dømes NEIPA. Litt grep frå humlen strammar opp maten og gir urteaktig fruktigheit.
  • Alkoholfri IPA, ingefærøl eller limo­na­de har aroma som passar.

Les ogsåDrikke til thaimat

bord med råvarer til thaimat.

Laab moo - svinekjøtt med chili og mynte

Porsjoner: 4

  • 400 g svinekjøtdeig
  • 1 ts salt
  • 1 dl kraft av kylling eller svin
  • 1 lita rot galangal, finkutta
  • 2 fedd kvitlauk, finkutta
  • 2 store sjalottlaukar, finstrimla
  • 1 liten bunt vårlauk, finstrimla
  • 1 ts palmesukker (eller vanleg sukker)
  • 1 ts chilipulver eller 5 stk. bird eye chili
  • 3 ss fiskesaus
  • 6 ss limejuice
  • 1 ss sticky rice (rista i panne og malen i mortar)
  • 1 neve grovkutta koriander
  • 1 neve grovkutta mynte
  • 1 pakke bønnespirer
  • 1 liten bunt koriander
  • 1 liten bunt sweet basil (thai-basilikum)
  • 3 stk lime, delte i båtar
  • 1 isbergsalat, vaska og delt opp i heile blad

Steik kjøtdeigen i olje i fleire omgangar til alt er gjennomsteikt. Ha i galangal, kvitlauk og chili og steik det heile eit minutt eller to. Hell over kraft, fiskesaus, sukker og male rispulver og la det koke inn i 5–6 minutt. Tilset til slutt limejuice, mynte og koriander og server i eigen bolle. Server salat med kjøt, sticky rice, urter, lime og bønnespirer, og et retten som ein slags taco i salatblad.

Sticky rice

  • 200 g klistrete ris (eller sticky rice)
  • vatn

Vatn ut risen i 2–3 timar. Damp han i 20–25 minutt i ein dampkjel med små nok hol til at risen ikkje dett gjennom, eller i eit perforert bakepapir i ein bambus­steamer. Med lok på held risen på varmen ein liten halvtime etter damping.

Hvordan kommer vi frem til drikkeanbefalingene?

I Vinmonopolet er vi opptatt av førstehåndskunnskap. Våre drikkeanbefalinger er basert på systematiske smakinger med vårt ekspertpanel. Vi smaker mange ulike drikker til hver rett for å finne de beste kombinasjonene.

Hvorfor lenker vi ikke til produkter i anbefalingene?

Vi er begrenset av alkoholreklameforbudet og likebehandlingsprinsippet, og vil derfor ikke anbefale konkrete produkter. I stedet viser vi til stiler og egenskaper i ulike produktgrupper som du skal kunne søke og filtrere deg frem til i nettbutikken. Dette gjør tipsene relevante selv om enkeltstående produkter går ut av sortimentet.

Les mer om vårt samfunnsoppdrag