Desse slanke, lette kvitvinane frå den vestlegaste delen av Loire-dalen passar perfekt til sommarleg mat, særleg fisk- og skaldyrrettar.

Muscadet er den nye vårtrenden. Det spår senior produktsjef Per Mæleng: – Eg våger meg på å peike på det eg trur vil bli ein trend ganske kort fram i tid. Hald dykk fast, den nye musikken heiter muscadet, ein vintype som kjem frå områda rundt Nantes, heilt vest i Loiredalen.

Podkast 95. Loire - bli kjent med vinene

Bli med oss på en reise fra vest til øst langs Loires bredder - og bli kjent med vinene.

Det viktigaste først: muscadet til mat

Til sjømat: Dei delikate, slanke muscadet-vinane passar perfekt til sjømat servert naturell. Med aroma av sitron og grøne eple, blomar og noko som kan minne om kalk eller mineral, er det naturleg å samanlikne dei med dei dyrare og meir kjende kvitvinane frå Chablis. 

Til ost: Muscadet passar ikkje berre til skaldyrfatet. God Muscadet Sévre et Maine Sur Lie kan lagrast i mange år, og utviklar spennande aromaer av sylta frukt, sopp og mineral. Moden muscadet passar mellom anna godt til eit variert ostefat. Prøv òg utvikla muscadet til aromatisk krydra mat og til rike fiskeretter med feite sausar.

For deg som vil vite meir om muscadet:

Muscadet-metoden «sur lie»: Dei beste muscadet-vinane blir laga ved sideelvane Sévre og Maine ved hjelp av ein metode som blir kalla «sur lie». Det betyr at vinen får liggje i ro vinteren over, i kontakt med botnfallet som oppstår under gjæringa. Slik får vinen meir kompleks lukt og smak og ei fyldigare munnkjensle.

Vinen som får «kvile» på gjærrestane over vinteren, blir gjerne oppbevart i sementtankar kledde med glas eller fliser på innsida. Tankane er flate og breie, slik at vinen får størst mogleg kontakt med botnfallet. Nokre produsentar lèt vinen liggje endå lenger enn det lovverket krev, enkelte i årevis, for å gi vinen tid til å «setje seg» og utvikle aroma, smak og litt ekstra fylde.

All muscadet blir laga av drua Melon de Bourgogne. Men vi er ikkje i Bourgogne (Burgund på norsk), vi er rett utanfor byen Nantes, nær området der elva Loire renn ut i Atlanterhavet. I slake bakkar veks druene som blir til lett, frisk og delikat kvitvin. Området blir ofte beskrive som flatt, men eigentleg er det kupert nok til at dei som bruker beina eller sykkelen til å ta seg fram, vil kjenne det i låra.

Dei siste åra er det blitt etablert såkalla cru her – enkeltområde med eit særeige jordsmonn og ein eigenarta vinstil. Vin laga av druer dyrka i slike navngitte «cru»-område blir ikkje berre kalla Muscadet de Sévre et Maine, men kan i tillegg smykke seg med namnet på enkeltområdet på etiketten: Gorges, Clisson, Le Pallet, Monnières-Sainte-Fiacre, Goulaine eller Château-Thébaud.

Altså:

  1. Muscadet er ein type vin og eitt område vest i Loire-dalen
  2. Sur lie er ein produksjonsmetode - vinen får kvile på gjærrestane for å utvikle seg
  3. All muscadet-vin er laga på ein type drue - Melon de Bourgogne

Vinreise i Nantes og Muscadet

Byen Nantes og vinen muscadet er midt i blinken for deg som er glad i fersk sjømat og fortauskafear. Nantes er ein moderne og spennande by der er det lett å finne restaurantar som diskar opp med kortreist sjømat frå Biscayabukta.

Med gode restaurantar, kule butikkar og ei mellomalderborg midt i byen finn ein i Nantes tilbod for heile familien. Eit heilt museum er dedikert til forfattaren Jules Verne, som vaks opp utanfor Nantes, på ei øy i Loire. 

Det er gode moglegheiter for å besøkje vinområda rundt Nantes. Det lokale turistkontoret har avdelingar i dei mindre byane Clisson og Vallet, som ligg midt i smørauget for vininteresserte. I Le Pallet ligg det eit eige vinmuseum med omvisingar i sommarsesongen.

Turistkontoret i Clisson arrangerer òg guida turar i vinmarkene, både i nærområdet og innover i Loire-dalen.

Sjekk visitnantesvineyard.com for meir informasjon.

Gode restaurantar: Manoir de la Boulaie (2 Michelin-stjerner), L’Atlantide (1 stjerne), La Cigale, Le 1, Lulu Rouget og L’Instinct Gourmand. Meir uformelle bistroar: Bistronome Nantaise, Les Chants d’Avril.

kart-frankrike-loire-muscadet-anjou-saumur-sancerre.jpg