Hugs å setje på kork, og la den opna vinflaska stå i kjøleskapet. Vi sel utstyr som gjer det mogleg å ta vare på vinrestane endå lenger.

Bruk i matlaging

Vinslantar er veldig fint å bruke i matlaging. Du kan samle slantane i ei flaske eller eit glas som du har på kjøkkenbenken og bruker i gryter eller sausar. Ein oksidert vin kan du fint bruke i matlaging, men det er òg mogleg å fryse ned vinrestane og bruke det når du treng det.

Visste du at du til og med kan bruke korka vin i maten? Spesielt i gryter som blir kokte lenge, er det ikkje mogleg å smake vinfeila i vinen som blir brukt i maten.

Lag din eigen vinedikk

Det er enkelt å lage sin eigen vineddik. Ha vinrestane på eit glas eller flaske. Tilset 2–3 ms kjøpeeddik eller eigenlaga eddik, og set til gjæring. Dekk opninga med eit klede mens det gjærar, og set kork eller lokk på når du synest han er syrleg nok. 

Podkast 132. Lytterspørsmål - vin i maten

Hva slags vin bør du ha i maten? Må det være en dyr burgunder i gryta, slik det står i oppskriften?